Kven skriv best titlar? Journalistar eller ChatGPT?

March 19, 2025 • Aktuelt, Digitale nyhende, forsking, Redaksjonell styring, Teknologi • by

[Image source: wikipedia.commons.org https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Mobile_phone_with_ChatGPT_on_keyboard_(52916924616).jpg]

Av Oleksandra Yaroshenko
Artikkelen vart først publisert på EJO Ukraina

 

Overskrifter som maktfaktor

Overskrifter eller titlar har alltid vore eit viktig verkemiddel i journalistikken. I papiraviser fungerer dei som korte samandrag av saka, medan dei i den digitale tidsalderen har blitt avgjerande for å fange merksemda til lesarane. Lesarar ser fem gongar så ofte på overskrifta som på sjølve teksten, noko som gjer overskrifter til det viktigaste elementet for å få lesarar til ei nyheitssak.

Samtidig har klikkagn (clickbait) blitt eit populært, men omstridd verktøy i digitale medium, og kan føre til at media taper tillit. Emosjonelle «agn» og sensasjonsprega språk i KI-genererte overskrifter kan vere effektive for å tiltrekkje merksemd, men dei kan òg bidra til å spreie feilinformasjon. Journalist-skrivne overskrifter vert derimot rekna som meir pålitelege, grunna betre kontekstforståing og etiske retningslinjer.

KI i sentraleuropeisk media

I land som Polen, Tsjekkia og Slovakia er bruken av kunstig intelligens i media i dag avgrensa til enkle oppgåver som tekstredigering og automatisk generering av korte nyheitssaker og overskrifter. Om lag 15 % av medieorganisasjonane i regionen brukar KI aktivt, men dei fleste redaksjonar er forsiktige med automatisering for å verne om journalistisk kvalitet og etikk.

Den aukande suksessen KI har med å lage overskrifter reiser eit nytt forskingsspørsmål: Korleis oppnår algoritmar slik effektivitet? Den danske forskaren Aryen van Dalen seier: «Det som kan automatiserast, vil bli automatisert», men understrekar at menneske er uunnverlege for å byggje tillit og skape innhald som verkeleg treff publikum. AI bør derfor sjåast som eit verktøy – ikkje ein erstatning – som frigjer tid for journalistar til å fokusere på kvalitet og sanning.

 

Slik vart effekten av overskrifter undersøkt

Rumenske forskarar valde ut 100 artiklar frå fem leiande medium i Romania. For kvar artikkel laga ChatGPT to overskrifter: éin klikkagn-variant og éin informativ. 624 studentar frå universitet i Timisoara vurderte overskriftene over ein månad via ei nettplattform. Studentar vart valde som målgruppe fordi dei representerer kjernen i det digitale mediepublikummet.

Over 80 % av studentane sa at overskrifta var avgjerande for om dei ville lese artikkelen. Klårleik og relevans til innhaldet vart vurdert som dei viktigaste eigenskapane. Overskrifter som var sjokkerande eller for emosjonelle fekk derimot mindre støtte – publikum føretrekk innhald framfor sensasjon.

Resultat: KI fenga mest

Overskrifter i klikkagn-stil laga av ChatGPT fekk flest positive vurderingar (37,5 %). Informative KI-overskrifter kom på andreplass (33,4 %), noko som viser at publikum òg verdset openheit og presisjon. Dei originale overskriftene frå journalistane fekk lågast engasjement (29,2 %).

 

Leksikalske og grammatiske kjenneteikn ved ChatGPT-overskrifter

Analysen av språklege trekk i klikkagn-overskrifter genererte av ChatGPT viser at dei er mest effektivite når dei byggjer på grammatiske og leksikalske teknikkar som vekkjer kjensler, stimulerer nysgjerrigheit og skaper ei kjensle av hastverk. Til dømes aktiverer bruken av emosjonelt lada ord, spørjestrukturar og ellipse lesaren sine kognitive prosessar og fangar merksemda deira.

Grammatiske strukturar – særleg bruk av presens – skaper ei kjensle av at noko skjer her og no. Den tematiske organiseringa av teksten og bruken av metaforar held ikkje berre på interessa, men forsterkar òg den emosjonelle responsen.

 

Stilistiske verkemiddel i utforminga av klikkagn-overskrifter

Bruken av metaforar, direkte tiltale til lesaren og ein uformell tone gjer overskriftene meir livlege og engasjerande. Metodane som Lakoff og Johnson skildrar i boka Metaphors We Live By, viser korleis metaforar påverkar oppfatninga og stimulerer til emosjonell respons. På leksikalsk og grammatisk nivå er klikkagn-overskrifter prega av aktive verb, dramatiske substantiv, emosjonelle adjektiv og bestemte språklege strukturar som fangar merksemda til lesaren. Desse elementa verkar saman for å skape kjensle av hastverk, nysgjerrigheit og emosjonelt engasjement.

Verb og verbstrukturar

Aktive og dynamiske verb som «trugar», «eksploderer» og «erklærer» blir ofte brukte i klikkagn-overskrifter for å skape dramatikk og kjensle av hastverk.

Til dømes: «Putin trugar med førebyggjande angrep! Russland kan endre militærdoktrinen og starte sitt første atomåtak!» Her blir sterke verb brukte for å signalisere overhengande fare og trekkje lesaren inn.

Modale verb som «kan» introduserer usikkerheit og oppmodar til spekulasjon og nysgjerrigheit. Eit anna døme: «Populariteten til pro-russiske ekstremistar i Bulgaria veks!» kombinerer dramatiske verb med levande bilete for å pirre interessa. Uttrykk som «trekkje ei raud linje» eller «stille for retten» legg til eit lag av spenning og antydar konflikt eller mysterium. Til dømes: «Olaf Scholz erklærer: Russland har skrota atomplanen! Finn ut korleis det internasjonale samfunnet har trekt den raude linja!» kombinerer avsløring med intrige og engasjerer lesaren effektivt.

Substantiv

Substantiva er nøye valde for å forsterke emosjonell tyngd og nysgjerrigheit.

Ord som «skandale», «katastrofe», «sanning» og «mysterium» vekkjer sterke reaksjonar ved å framheve sensasjon eller love skjult informasjon.

Til dømes: «Skandale i tollvesenet! Rumenske tollarar avslørte som medhjelparar i internasjonalt tobakksvindelnettverk!» framhevar dramatiske hendingar. Bruken av slike substantiv gir kjensla av eksklusivitet og at lesaren får tilgang til verdifull, skjult kunnskap – noko som aukar engasjementet.

Adjektiv og adverb

Adjektiv og adverb forsterkar den emosjonelle intensiteten i overskriftene og dramatiserer hendingane. Ord som «sjokkerande», «imponerande» og «utruleg» aukar slagkrafta i bodskapen.

Til dømes: «Gigi Becali sin sjokkerande donasjon på 800 000 euro til ei kyrkje i Afrika! Finn ut kvifor han valde Rwanda!» kombinerer ei oppsiktsvekkjande hending med ei oppmoding om å lese vidare, noko som aukar nysgjerrigheita.

Høgare gradbøying, som «den verste», «den eldste» eller «den sterkaste», understrekar innhaldet sin eksklusivitet og unikskap.

Til dømes: «106 år gamle Apo Wang-Od blir den eldste modellen på framsida av Vogue – ei historie som sjokkerte verda!» Her gir det ekstraordinære prestasjonen eit emosjonelt løft. Slike element gjer overskriftene både fengande og minneverdige.

Tal og utropsteikn

Tal gir klarleik, presisjon og ei kjensle av truverd, og er eit kraftfullt verkemiddel i klikkagn.

Til dømes: «Tutankhamon sitt skjulte andlet avslørt etter 3300 år! Du vil ikkje tru korleis den legendariske faraoen ser ut!» Bruken av eit eksakt tal understrekar kor viktig funnet er. På same måte: «Forsikringskollaps: over 1,6 milliardar lei tapt – enorme risikoar for kundane!» kombinerer taldata med dramatisk språk for å forsterke den emosjonelle effekten.

Utropsteikn blir ofte brukte for å formidle sjokk, hastverk eller begeistring. Til dømes: «Romania svikta ved å gå inn i Schengen! Manfred Weber rasande: ‘Dette er urettferdig!’» kombinerer emosjonelt språk med uttrykksfull teiknsetjing for å auke dramatikken. Dette gir inntrykk av at hendinga er ekstraordinær og krev lesaren si umiddelbare merksemd.

Ved å kombinere leksikalske og grammatiske trekk med stilistiske verkemiddel, klarer klikkagn-overskrifter å manipulere lesaren sine kjensler og nysgjerrigheit, og slik stimulere til større engasjement og interaksjon. På denne måten blir KI si språklege kreativitet eit viktig verkemiddel for å fange merksemda i den digitale mediekvardagen.

Artikkelen vart først publisert her:  https://ua.ejo-online.eu/
Direkte lenke til artikkelen:
https://ua.ejo-online.eu/8893/tsyfrovi-media/khto-krashche-pyshe-zaholovky 
Omsett av Johann Roppen. 

 

Send this to a friend