Britiske journalistar: Endra rolleoppfatningar, verdiar og syn på profesjonsreglar

July 26, 2025 • Etikk & Kvalitet, Intervju, Mediepolitikk, Medieøkonomi, Siste nytt • by

Midt i den aktuelle politiske og sosiale uroa meiner yngre journalistar i Storbritannia at roller som å «arbeide for sosial endring» og «tale på vegner av marginaliserte grupper» er viktigare enn det dei eldre kollegaene deira gjer. Det kjem fram i rapporten UK Journalists in the 2020s: Who they are, how they work, and what they think. Funn frå rapporten peikar på eit generasjonsskifte, samstundes som det blir stilt spørsmålsteikn ved tradisjonelle verdiar som objektivitet i møte med globale utfordringar.

Rapporten UK Journalists in the 2020s: Who they are, how they work, and what they think gir viktig innsikt i dagens mediebilete i Storbritannia. Undersøkinga er basert på ei spørjeundersøking gjennomført i 2023 blant eit representativt utval på 1.130 britiske journalistar, og er ein oppfølgjar til ei liknande undersøking frå 2015. Rapporten frå undersøkinga er redigert av Neil Thurman, Imke Henkel, Sina Thäsler-Kordonouri og Richard Fletcher, og utgjer den britiske delen av den tredje runden i prosjektet Worlds of Journalism Study – som er eit globalt prosjekt som undersøker tilstanden til journalistikk i 75 land.

Blant hovudfunna i rapporten er at det skjer ei endra forståing av kva roller journalistar har og kva profesjonelle standardar som skal gjelde, det er aukande uvisse om jobbmarknaden, vedvarande skilnader mellom grupper av journalistar og media når det gjeld løn og posisjon, og ein stadig større bruk av ny teknologi som både gir fordelar og fører med seg nye risikoar.

Til skilnad frå 2015 vart det i 2023 òg stilt spørsmål om tryggleiken og den mentale helsa til britiske journalistar. Det var berre 18 % av journalistane som svara at dei aldri hadde opplevd trugsmål som gjald eigen tryggleik knytt til arbeidet sitt dei siste fem åra. Dei vanlegaste formene for trugsmål journalistane opplevde var «nedsetjande eller hatsk språk» (45 % hadde opplevd dette av og til eller oftare), følgt av «offentleg miskreditering» (39 %) og «andre former for truslar og skremming» (16 %). Rapporten løftar òg fram pågåande diskusjonar i bransjen om journalistisk etikk i Storbritannia, der mange britiske journalistar i 2023 sa at dei trudde mindre på ein universell profesjonsetikk samanlikna med 2015.

EJO snakka nyleg med Lea Hellmueller, førsteamanuensis i journalistikk og forskingsdekan ved City St George’s, University of London. Ho har vore medforfattar på to kapittel som tek føre seg korleis britiske journalistar ser på rolla si i samfunnet, og kva syn dei har på etikk og kva som er akseptabel journalistisk praksis. Intervjuet gir innsikt i funna om endra roller og haldningar blant journalistar i Storbritannia.

EJO: Rapporten dokumenterer korleis journalistar har gitt aukande vekt til aktivistroller samanlikna med undersøkinga frå 2015. Kan du seie noko om kva som endrar seg i måten britiske journalistar oppfattar rolla si i samfunnet på?

LH: Eg synest det er viktig å understreke at journalistiske roller er avhengige av mange faktorar, inkludert kva type medium journalistane arbeider i (podkast, radio, digitalt, osv.), arbeidssituasjonen deira, og – som vi har skrive om i rapporten – generasjonsforskjellar. Dei siste åtte åra ser vi ei utvikling mot meir aktivistiske roller, og ein tendens bort frå roller knytte til ideen om objektivitet. Det er eit tydeleg generasjonsskifte på gang: Medan 74 % av dei over 40 meiner at rolla som ein nøytral observatør er svært eller ekstremt viktig, seier berre 60 % av dei under 40 det same.

Når vi snakkar om ideal for rolla som er knytte til aktivisme – som å tale på vegner av marginaliserte eller å kaste lys over samfunnsproblem – finn vi statistisk sett at desse rollene er langt viktigare for yngre britiske journalistar, som i større grad tek avstand frå objektivitet. Dette har vore i endring over lengre tid, så det er ikkje noko nytt. I lag med medforfattarane mine dokumenterte eg allereie i 2013 eit skifte bort frå objektivitet og mot ein journalistikk prega av openheit og transparens. I denne rapporten fann vi at yngre journalistar, og dei som jobbar meir digitalt, er langt mindre tilbøyelege til å seie at objektivitet er den viktigaste verdien for dei.

Eg trur det heng saman med at journalistar ikkje lenger har monopol på å informere publikum – portvaktrolla er blitt utfordra. Mange lesarar finn nyhende via algoritmar. Publikum har vorte fragmentert. Samtidig står vi overfor stadig større utfordringar, som klimakrisa, globale og lokale geopolitiske konfliktar og krig, og fleire fysiske og psykiske angrep på journalistikken verda over. Desse utfordringane er vanskelege å dekke med ei objektiv stemme, og kan potensielt bidra til å oppretthalde status quo framfor å spele ei demokratisk rolle for publikum.

Som journalistikklærar gir det meg håp at særleg dei yngre generasjonane ser ut til å vere ivrige etter å utfordre etablerte oppfatningar, ønskjer å undersøkje historier ved å inkludere marginaliserte røyster, og ønsker ei framtid med ein berekraftig journalistikk.

Figur 9.2 i rapporten UK Journalists in the 2020s viser kor viktig britiske journalistar meiner ulike journalistiske oppgåver er.

 

EJO: Eit viktig funn i rapporten er etter mi meining ei veksande uvisse og vtil omkring bransjestandardar, særleg samanlikna med undersøkinga frå 2015. Rapporten viser at journalistar i større grad er samde om at det som er etisk, bør bestemast av profesjonelle standardar, med mindre ‘ekstraordinære omstende’ gjer det nødvendig å sjå bort frå dei. Kan du seie meir om dette – kva er årsakene, og kva meiner ein med slike ‘ekstraordinære omstende’?

LH: Eg meiner det er eit relevant spørsmål som fortener meir merksemd – både frå bransjen og akademia. Med undersøkinga vår kan vi ikkje gi eit klart svar på dette, fordi vi ikkje spurde spesifikt om årsakene. Vi kan berre spekulere i kva grunnane kan vere. Eg håpar og ser føre meg framtidige diskusjonar om dette temaet, for det verkar å vere særs aktuelt for bransjen.

For å gi litt kontekst: Resultata frå undersøkinga vår peikar på ei svekka forplikting til alltid å følgje dei profesjonelle etiske retningslinene. Korleis veit vi det? I 2023 var britiske journalistar i større grad samde i at «det som er etisk for journalistar bør avgjerast av profesjonelle standardar, med mindre ekstraordinære omstende gjer det nødvendig å sjå bort frå dei» – nesten dobbelt så mange som dei som støtta ei tilsvarande utsegn i 2015. Med andre ord: I 2015 var det sterkare støtte for at journalistar alltid skulle følgje etiske retningslinjer, uavhengig av situasjon og samanheng. No ser vi eit skifte mot meir situasjonsavhengig etikk, der ekstraordinære omstende kan legitimere avvik frå dei profesjonelle normene.

Vi veit at i mellomtida har vi hatt covid-19, i tillegg til at det har vore mange andre uventa hendingar som kravde at journalistar måtte jobbe annleis enn før. Det kan forklare noko av forståinga av ‘ekstraordinære omstende’, men vi har ikkje empirisk bevis for dette. Interne “nedkjølings-effektar” i redaksjonane kan òg skape eit klima der journalistar let vere å dekke saker eller å bruke somme kjelder av frykt for juridiske konsekvensar (Kim & Shin, 2022). Eitiske vurderingar kan særleg bli påverka av omsyn til tryggleiken for journalistar og kjeldene deira.

 

Figur 10.1 i rapporten UK Journalists in the 2020s syner kor stor del av britiske journalistar som er samde i ulike utsegner om etiske spørsmål.

 

Eg tykkjer det er veldig godt formulert i føreordet av Pete Clifton, der han skriv at vi berre kan håpe at det  ikkje er fordi journalistar er meir utsette for tryggleiksrisikoar og trugsmål, at dei ikkje alltid klarer å følgje [dei profesjonelle standardane] … Med andre ord kan det vere slik at “nedkjølings-effektar” påverkar korleis saker blir dekka. Slike effektar kan føre til at journalistar let vere å dekke visse saker eller bruke visse kjelder, av frykt for juridiske reaksjonar og konsekvensar. Den etiske vurderingsevna kan òg i aukande grad bli påverka av omsyn til tryggleiken for både journalistar og kjelder. Dette er noko vi må følgje nøye med på, og dette er også tema i eit større, globalt forskingsprosjekt eg er med på og som handlar om frilansjournalistar. Der ser vi på kva slags usikkerheit journalistar står i, og korleis dette påverkar kva nyheitssaker publikum faktisk får tilgang til.

EJO: Eg vil berre leggje til det som står i føreordet: «No seier journalistar oftare at dei vil følgje profesjonelle standardar, med mindre ‘ekstraordinære omstende krev at ein ser bort frå dei’. Vi kan berre spekulere i kva desse omstenda kan vere, men det bør sjølvsagt aldri vere på grunn av truslar. Slike truslar verkar å vere meir utbreidde enn nokon gong, med berre 18 % av britiske journalistar som seier dei aldri har opplevd tryggleikstruslar i samband med arbeidet sitt.»

LH: Det er ein slags “chilling effect”. Eg meiner det er ein av dei uroane vi har vore inne på, og det er viktig å ta dette spørsmålet på alvor, for det kan få konsekvensar for framtida til journalistikken som bransje.

EJO: Er det forskjell på korleis frilansarar og fast tilsette ser på bransjestandardar?

LH: Talet på frilansarar har auka ein del dei siste åtte åra – frå 17 % av dei som svarte i 2015-undersøkinga til 28 % i 2023. Det er ikkje rart at frilansing ofte blir omtala som ein av dei få vekstsektorane innan journalistikk. Likevel, trass i skilnader i arbeidssituasjon (til dømes at ein jobbar heimanfrå for ulike oppdragsgivarar), viser undersøkinga at frilansarar og fast tilsette journalistar stort sett har same syn på kva som er tvilsam praksis – som til dømes betaling, fordelar eller manglande verifisering.

Det er truleg viktig at forskinga tyder på at journalistar i aukande grad arbeider i det vi kan kalle eit transnasjonalt arbeidsmiljø. Mange har erfaring frå tradisjonelle redaksjonskulturar før dei gjekk over til meir sjølvstendig arbeid – eller omvendt. Det betyr at både frilansarar og fast tilsette er kjende med dei same etiske og regulatoriske vurderingane.

Figur 10.2 i rapporten UK Journalists in the 2020s viser kor stor del av britiske journalistar – fordelt etter tilsetjingsforhold – som er samde i at «det som er etisk for journalistar, bør vere eit spørsmål om personleg vurdering».

 

Eg vil òg nemne eit interessant funn i eit anna kapittel vi ikkje sjølve skreiv – vi spurde journalistar kva som burde påverke arbeidet deira mest, og eg trur etikk kom øvst. Det viser at journalistar i stor grad ser på etikk som ein viktig del av yrkesidentiteten sin, og det tek eg som eit lovande teikn for framtida til bransjen.

EJO: I forlenginga av det – undersøkinga frå 2023 viser at det er eit skilje mellom korleis mannlige og kvinnelige journalistar svarar på etiske val dei står overfor, og at dei ville gjort ulike etiske vurderingar. Korleis kan slike skilnader påverke praksisen i journalistikken?

LH: Eg meiner det er viktig å nemne at når vi ser på kjønn, fann vi at det spelar større rolle enn tilsetjingsform – som frilansar versus fast tilsett – når det gjeld korleis journalistar oppfattar etiske praksisar. Eit tolkningsproblem med resultata er at fleire av dei mannlige journalistane i undersøkinga hadde leiarstillingar eller jobba med “harde” nyheitssaker. Dettte kan òg påverke korleis ein oppfattar etikk. Vi må ta omsyn til fleire ting her – samspelet mellom klasse, kjønn og etnisitet. Her testa vi for kjønn, men vi treng meir nyansert analysar for å forstå korleis ulike sosiale kategoriar verkar saman.

Vi treng òg meir nyanserte tilnærmingar for å forstå kjønnsidentitet og -uttrykk. Vi hadde til dømes inkludert ein eigen kategori for kjønnsukonforme journalistar, men dette vart vanskeleg å analysere sidan det var for få respondentar i denne gruppa. Difor fokuserer analysen mest på kvinner og menn, sjølv om verda ikkje nødvendigvis er binær. Vi ser òg at dei eldste og mest erfarne journalistane i utvalet stort sett var menn, og det kan òg påverke kvifor det er skilnader i synet på etikk.

Vi har visst lenge i journalistikkforskinga at objektivitet ofte har blitt sett på som ein «maskulin» kunnskapsmåte. Det betyr at objektiv rapportering kan spegle og forsterke erfaringane og verdiane til dei som har makt – ofte menn – og det kan gjere andre perspektiv og marginaliserte stemmer mindre synlege.

Vi veit frå tidlegare forsking at openheit (transparens) og nokre former for aktivistroller oftare blir knytte til det ein kan kalle ein «feminin» kunnskapsmåte – altså å anerkjenne og inkludere erfaringar frå kvinner. Så det er mønster i undersøkinga som vi kjente frå før, men det var interessant å sjå dei vart stadfesta her.

EJO: Eg synest det er interessant at rapporten dokumenterer nokre endringar, men òg viser at ein del held seg uendra. Var det noko du sjølv fann overraskande eller sjokkerande?

LH: Eg vart positivt overraska over gruppa med frilansarar – kor like dei var dei andre journalistane i utvalet. Vi hadde forventa at dei skulle skilje seg meir frå dei fast tilsette, særleg når det gjeld etikk, men vi visste ikkje heilt i kva retning. Kanskje ein kunne tenkje at dei ikkje trong om å følgje dei etiske retningslinjene like strengt sidan dei er frilansarar. Eller kanskje dei tvert imot følgjer dei ekstra nøye fordi dei vil selje sakene sine til redaksjonane. Eg hadde nok forventa meir skilnad mellom frilansarar, fast tilsette og mellombels tilsette.

Eg vart òg overraska – og vi har alt vore inne på det – over at etiske retningslinjer så tydeleg blei vurderte som sekundære dersom det finst ekstraordinære omstende. Det var overraskande å sjå så tydelege funn i resultata.

Og så er det viktig å nemne kapittel 6, om trugsmål mot tryggleiken til britiske journalistar og den fysiske, emosjonelle og mentale helsa deira. Det er faktisk første gong noko slikt har blitt undersøkt. I 2015 spurte vi ikkje om tryggleiksrisikoar som trakassering, forfølging og digitale truslar – så dei resultata er særleg interessante.

Når ein ser på kjønn, er det klart at kvinner er meir påverka. Det var vanskeleg å gå djupt inn i etnisitet, sidan utvalet ikkje var stort nok til å gjere slike statistiske testar, men dette er eit viktig tema å få fram. Det er første gong slike data er samla inn. I fjor var det dessutan året med flest drepne journalistar sidan Committee to Protect Journalists byrja å føre statistikk. Det er alvorleg, og det har vore diskusjonar i UNESCO og andre internasjonale organisasjonar om at noko må gjerast.

EJO: Kva vidare forsking kjem ut av dette?

LH: Vi skal presentere ein ny studie på International Communication Association i juni i Denver (USA). Den handlar om likskapar og skilnader i etiske avgjerdsprosessar i USA og Storbritannia – vi samanliknar undersøkingane og ser særleg på kvifor det ser ut til å vere ein trend i retning av å gå bort frå etiske retningslinjer i situasjonar med ekstraordinære omstende. Vi er spesielt interesserte i å forstå desse omstenda betre, for det verkar til ein viss grad å stå i kontrast til funn om at etikk er det viktigaste for profesjonsidentiteten til journalistar.

Vi gjennomfører òg kvalitative intervju med journalistar som har flytta frå eitt land til eit anna, og ser på korleis dei har tilpassa seg nye etiske avgjerdsprosessar. Det er interessant, for det er mange journalistar med utdanning frå Storbritannia som seinare har fått seg jobb i amerikanske medium som Washington Post, CNN og liknande.

I tillegg har vi nett avslutta ei global undersøking blant frilansjournalistar. Der ser vi spesielt på tryggleik, trugsmål og såkalla «etikk for omsorg» i møte med medieorganisasjonar.

Og så ønskjer vi å knyte forskinga vår til undervisning: Eg underviser i presseetikk for nesten 300 masterstudentar ved City St George’s. Denne rapporten blir viktig for mi eiga undervisning. Nokre av studentane mine har alt lese rapporten og gitt tilbakemeldingar – det var ei hyggeleg overrasking, og eg likte å diskutere funna med dei. Eg planlegg å gjere eigne undersøkingar blant studentane mine i framtida for å sjå i kva grad dei vil samsvare med resultata frå rapporten, og kva det kan seie om kva journalistar treng å forstå i framtida.

 

Rapporten er tilgjengeleg her: UK Journalists in the 2020s: Who they are, how they work, and what they think

Her er ein annan artikkel med omtale av undersøkinga: Young UK journalists lean towards activist roles, away from objectivity – new survey

Omsett av Johann Roppen. Originalartikkel på den engelske EJO-nettsida:

UK journalists in the 2020s: changing perceptions on roles, values, and professional codes

Send this to a friend